Hytter
Tafjord Camping har 7 hytter med forskjellig størrelse og standard.
Lågsesong: 1. mai til 16 juni.
Høgsesong: 17 juni til 18 august.
Sjå prisliste og bilete nedenfor.
Hytte 1, 2 og 3
Priser basert på lågsesong/høgsesong
Kr800/1000/pr døgn
- Hyttene har kjøkkenkrok, sitjegruppe, eit soverom og hems. Soverommet har to køyesenger, og på hemsen er det 2 madrasser. Det går fastmontert stige opp til hemsen. Det er varmt og kaldt vatn i hyttene, men ikkje toalett. Sanitæranlegget med dusj og toalett ligg ca 20 meter rett ovafor hyttene.
Hytte 4
Priser basert på lågsesong/høgsesong
Kr600/800/pr døgn
- Hytta har kjøkkenkrok, sitjegruppe og to soverom med ei enkel seng på kvart rom.
- Hytta har eit lite bad med dusj og toalett, men ein må gå ut for å kunne gå inn på badet.
Hytte 5
Priser basert på lågsesong/høgsesong
Kr700/900/pr døgn
- Hytte 4 og 5 er like i størrelse og utforming, men hytte 5 har tre sengeplassar, ei køyeseng på det eine soverommet og ei enkel seng på det andre rommet.
- Hytte 5 har dessutan kjøkkenkrok, sitjegruppe og bad med toalett og dusj.
Hytte 6
Priser basert på lågsesong/høgsesong
Kr800/1000/pr døgn
- Hytte 6 og 7 er dei største hyttene våre og dessutan vinterisolerte.
- Hytte 6 har kjøkkenkrok, sitjegruppe, to soverom, hems og bad med toalett og dusj. Badet med toalett og dusj har inngang frå utsida slik hytte 4 og 5 har. Det eine soverommet har dobbelseng, og det andre har ei køyeseng og hems. I hytta er det fire sengeplassar, og to madrasser for barn på hemsen.
Hytte 7
Priser basert på lågsesong/høgsesong
Kr1000/1200/pr døgn
- Hytte 7 skiljer seg ut frå dei andre hyttene ved at badet med dusj og toalett har inngang frå innsida av hytta.
- Hytte 7 er elles forma lik hytte 6 med kjøkkenkrok, sitjegruppe og to soverom. Det eine soverommet har dobbeltseng, og det andre har ei køyeseng og hems. I hytta er det fire sengeplassar,og to madrasser for barn på hemsen.
Tafjord camping
Sjoavegen 65, Valldal, Norway, 6213
tafjordcamping@gmail.com
Telefon
+47 400 77 616