Severdigheter
Zakariasdammen
Dammen ligg ca 8 km frå Tafjord Camping og er vel verdt eit besøk. Zakariasdammen er ein demning som demmer opp Zakariasvatnet (450–375 moh.) i Tafjord i Fjord kommune i Møre og Romsdal. Betongdemningen blei bygd i perioden 1966–69 og er 96 meter høy.
Fundergata
Det er fint å ta seg ein rusletur i bygda Tafjord. Her er det lite trafikk slik at det er bra trygt å gå langs vegen. I gatestubben Fudergata er det ikkje trafikk i det heile, men heller eit historisk sus over plassen.
Denne gatestubben i Valldal har ei lang og spennande historie.
Dette er eit særprega gatemiljø med kyrkjebuer, stover og ein skule, det einaste i sitt slag som er att på desse kantar.
I gamle dagar brukte folk som budde oppe i fjelldalane desse kyrkjebuene til å skifte til kyrkjeklede og ete nista si, før dei rodde den lange vegen til Dale kyrkje.
Namnet på gata skriv seg frå den gongen det vart drive handel der, m.a. med brennevin frå firmaet Christian Funder frå København. Cognac kom på eikefat, og fjøler med firmanamnet på vart liggjande å slenge i gata. Slik kom den til å heite Fundergata.
Tafjord Friluftsbad
Tafjord friluftsbad ligg idyllisk til ved fjorden i Tafjordbygda. Badet ligg i gangavstand frå Tafjord Camping.
Friluftsbadet har eit utandørs basseng som er oppvarma til 27 – 31 grader, plaskebasseng, vassklier og leikeapparat. Anlegget har garderobar med dusj og omkledningsrom og kiosk med sal av enkle kioskvarer.
Tafjord friluftsbad er ope i månadane juni, juli og august
Kraft- og Skredsenter i Tafjord – Ville Krefter
I 2017 blei det gamle Kraftverksmuseumet i Tafjord ombygd om til eit spennende Kraft og Skredsenter: Ville Krefter. Her finner du fleire familievennlige aktiviteter som innendørs klatring, escape rooms og ein ekstrem høg rappell. I tillegg har senteret fleire aktive og passive installasjoner og aktivitetar knytt til informasjonsformidling av Tafjordulykka 1934, vannkraftutbygging av Tafjordvassdraget og skredaktivitet.
Senteret er tilknytta tilrettelagte turstiar, og eit besøk hos oss kan kombinerast med fjellturar eller andre aktivitetar i Tafjord og Tafjordfjella.
Muldal
Eit par kilometer mot Valldal frå Tafjord, gjennom første tunnelen, kan ein gå alle dei 13 svingane opp til Mulldal.
Vegen til Muldal slyngjer seg i 13 svingar oppetter den bratte lia frå fjorden – gjennom naturreservat, landskapsvernområde og gammalt kulturlandskap. Vegen vart bygt på slutten av 1800-talet og du kan legge merke til dei fine natursteinsmurane. Muldal er utgangspunkt for turar i Tafjordfjella og ein innfallsport til Reinheimen nasjonalpark.
Lokale aktiviteter
Det er gangavstand frå Tafjord Camping og ned til sjøen. Har du med fiskestanga er det mogleg å kaste ut sluken og vere heldig å få fisk.
Det er òg mogleg å leige kajakk hos Ræin Adventures som òg held til nede ved sjøen i gangavstand frå Tafjord Camping.
Tafjord Kraft har plassert på området sitt nokre Discgolf korger som er tilgjengelege for alle. Gangavstand frå Tafjord Camping
Tafjord Camping kan vera eit fint utgangspunkt, eller tilgangspunkt, til/frå fjellturar i Tafjordfjella. Tafjordfjella er ein del av Reinheimen nasjonalpark, og her finn du både lette og tyngre turar, alt etter form og behov.
Frå Zakarissdammen går det mellom anna merka løype inn til Reindalshytta, ein passe krevjande tur på 4 til 5 timar tur/retur.
Dette er berre ein av mange moglege turar i fjella rundt Tafjord Camping.
Tafjord camping
Sjoavegen 65, Valldal, Norway, 6213
tafjordcamping@gmail.com
Telefon
+47 400 77 616